Ein firedel av kommunane (27 %) har gjort vedtak om nynorsk som målform
114 kommunar av i alt 431 har gjort vedtak om nynorsk som målform, 160 har bokmål som målform, 157 kommunar er språkleg nøytrale.
Kjelde: Kulturdepartementet 2007
Dei 114 nynorskkommunane utgjer ca. 12 % av befolkninga i Noreg.
Nynorsk er fleirtalsmålform i fire fylke
Nynorsk er fleirtalsmålform etter reglane i mållova i fire fylke: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Kjelde: Kulturdepartementet
Om lag 11 % av befolkninga ber om å få sjølvmeldinga på nynorsk
Kjelde: Skattedirektoratet
10–11 % av dei vernepliktige oppgjev nynorsk som målform
1997: 11,2 %
1998: 10,7 %
1999: 10,3 %
2000: 10,4 %
2001: 12,9 %
2002: 8,2 %
2003: 9,5 %
2004: 9,4 %
2005: 11,1 %
Kjelde: Vernepliktsverket
Knapt 14 % har nynorsk som opplæringmål i grunnskulen
Av dei 617 237 elevane som hadde norsk som opplæringsmål i grunnskulen per 1. oktober 2006, hadde 85 697 nynorsk som målform (dvs.13,9 %), 531 540 hadde bokmål. 991 hadde samisk som opplæringsmål.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Det finst ikkje tal for kor mange som nyttar nynorsk som hovudmål i vidaregåande skule
Det finst ikkje tal for kor mange som nyttar nynorsk som hovudmål i vidaregåande skule, men ein kan vel rekne med at talet ligg rundt 10-11 %, jamfør tala for sjølvmelding og vernepliktige.
Ein firedel av avisene blir redigerte på nynorsk, to tredeler av avisene blir redigerte på bokmål, resten (10 %) blir redigerte både på bokmål og nynorsk
Av dei 208 avisene som i 1998 var med i Norske Avisers Landsforbund (NAL) og/eller Landslaget for Loalaviser (LLA), blir 49 redigerte på nynorsk (24 %), og 21 blir redigerte på både bokmål og nynorsk.
Men bokmålet styrer dei store avisene, sjølv om somme større aviser blir redigerte både på bokmål og nynorsk. Ser ein på opplaget, utgjer dei reine nynorskavisene 6 % av det samla avisopplaget, dei blanda avisene 5 %, og bokmålsavisene 89 %.
Kjelde: Nynorsk faktabok 1998, som byggjer på tal frå NAL og LLA frå 1998.
7 % av bøkene her i landet er på nynorsk
I 2007 var 349 av 4983 norskspråklege bøker på nynorsk, dvs. 7 %.
Kjelde:Statistisk sentralbyrå / Nasjonalbiblioteket
Meir statistikk:
Sist oppdatert 22. april 2007