Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Mållova

Lov om målbruk i offentleg teneste regulerer bruken av nynorsk og bokmål i statstenesta.

Lova og forskriftene til lova har føresegner om mellom anna

  • jamstilling mellom bokmål og nynorsk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune
  • bruken av nynorsk og bokmål i statsorgana
  • retten for kommunane og fylkeskommunane til å krevje skriv frå statsorgan på bokmål eller nynorsk
  • dei rettane private rettssubjekt (privatpersonar og private instansar) har til å få brev, eksamensoppgåver, vitnemål o.a. på si eiga målform 
  • den plikta statsorgan har til å lage skjema på begge målformer og syte for at skjemaa er tilgjengelege både på bokmål og nynorsk

Kultur- og kyrkjedepartementet administrerer lova, fører tilsyn med målbruken i departementa og følgjer opp klagesaker.
 

Kvinne ved skrivebordSpråkrådet sine oppgåver

Oppgåvene til Språkrådet omfattar mellom anna

  • munnleg og skriftleg informasjon om målbruksreglane
  • praktiske råd om korleis måljamstellingsreglane bør
    leggjast opp i dei enkelte statsorgana
  • svar på spørsmål om regelverket
  • innhenting og samanstilling av opplysningar om den faktiske målbruken i statsorgan frå direktoratsnivå og nedover
  • oppfølging av brot på mållova

 

Sentrale, regionale og lokale statsorgan

Mållova skil mellom sentrale, regionale og lokale statsorgan.

Sentrale statsorgan har heile landet som tenestekrins (t.d. departement, direktorat, universitet og høgskular).

Regionale statsorgan har fleire kommunar, men ikkje heile landet som tenestekrins (t.d. fylkesmennene, utdanningsdirektørane, dei regionale helseføretaka).

Lokale statsorgan har ein kommune som tenestekrins (t.d. trygdekontor, likningkontor, mange lensmannskontor).

Det gjeld noko ulike reglar for desse typane statsorgan.

 

Oppdatert 23. juli 2007

Foto © David Trood /  Samfoto

 

Dame med ark
Utviklet av Gazette