Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Lov om stadnamn

Lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn tok til å gjelde 1. juli 1991. Lova regulerer skrivemåten av stadnamn som skal takast i bruk av offentlege organ, og ho gjev reglar for:

  • skrivemåten av namna
  • kven som fastset skrivemåten
  • kven som har plikt til å bruke dei vedtekne skrivemåtane
  • kven som har rett til å reise namnesaker
  • kven som har uttalerett i stadnamnsaker
  • korleis saksbehandlinga skal vere når offisiell skrivemåte skal fastsetjast
  • kven som har klagerett når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett

Lova gjeld ikkje for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda, den norske kontinentalsokkelen og Noregs økonomiske sone.

Til lova er det utarbeidd ei forskrift. Forskrifta gjev m.a. reglar for kva former som skal, bør eller kan nyttast. Både for norske, kvenske og samiske namn skal ein ta utgangspunkt i den tradisjonelle dialektuttalen av namnet. Når det gjeld norske namn, er hovudregelen at skal ein velje den hovud- eller sideforma i rettskrivinga som ligg nærmast den tradisjonelle uttalen, men både i lydverk og bøyingsverk blir det opna for visse regionale former som vik av frå rettskrivinga.

Ved kvenske namn i Nord-Noreg er hovudregelen at ein skal følgje prinsippa som gjeld for rettskriving av finske stadnamn i Finland, medan ein ved samiske namn skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp i nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Også ved kvenske og samiske namn er det opna for unntak.

 

Utviklet av Gazette