Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Språkpolitikk

StortingetDet er ikkje sjølvsagt at norsk vil vera eit fullverdig bruksspråk på alle samfunnsområde i Noreg i framtida. For å styrkja norsk som nasjonalspråk trengst det ein samla språkpolitikk.

Språkrådet meiner at det overordna målet må vera å sikra at norsk – nynorsk og bokmål – blir brukt på alle område i samfunnet, og at norsk språk er det naturlege valet i alle situasjonar der det ikkje er nødvendig å bruka framandspråk.

I 2005 la eit utval oppnemnt av Språkrådet fram utgreiinga «Norsk i hundre!», som tok til orde for ein ny, samla språkpolitikk.

Regjeringa har i 2008 lagt fram stortingsmeldinga «Mål og meining. Ein heilskapeleg norsk språkpolitikk». Der gjer regjeringa framlegg om ein ny, sektorovergripande språkpolitikk for å sikre norsk som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg.

På nettsidene våre kan du lesa meir om språkpolitiske initiativ frå Språkrådet og om politiske dokument frå regjeringa.

Ved sida av den overordna språkpolitikken er det utvikla ein eigen språkpolitikk for nokre samfunnssektorar. Det finn du òg informasjon om.

Internasjonale politiske dokument legg føringar for språkpolitikken. Her kan du lesa meir om den nordiske språkdeklarasjonen og den nordiske språkkonvensjonen.

Du vil dessutan finna informasjon om den nasjonale språkpolitikken i nabolanda våre.

 
Utviklet av Gazette