Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Norsk i hundre!

Norsk i hundre!

(Oppdatert 20.04.07) – For å sikra at norsk held fram som nasjonalspråk i Noreg, må det utformast ein samla språkpolitikk for framtida. Politikken må forankrast i tre demokratisk baserte rettar: retten til nasjonalspråk, retten til morsmål og retten til framandspråk. Det overordna målet er å sikra at nynorsk og bokmål blir brukt på alle område i samfunnet, og at norsk språk er det naturlege valet i alle situasjonar der det ikkje er nødvendig å bruka framandspråk. Dette er ein berebjelke i utgreiinga «Norsk i hundre!», som eit utval oppnemnt av Språkrådet la fram i oktober 2005.

Mandatet

I  mandatet til arbeidsgruppa heiter det at framtida for norsk språk – til liks med andre europeiske språk – er utrygg. Med denne bakgrunnen har utvalet hatt i oppgåve å drøfta utfordringar, setja opp mål og skissera verkemiddel for den nasjonale språkpolitikken.

Utgreiinga

Utvalet har på 190 sider greidd ut tiltak for skulen, høgre utdanning og forsking, kultur- og mediepolitikk, næringsliv og arbeidsliv og for forvaltninga. Informasjonsteknologi har fått eit eige kapittel. Det har også arbeidet med terminologi og fagspråk. 

– Skal norsk bli brukt på alle område i samfunnet i framtida, er vi avhengige av at det finst norsk terminologi og eit levande norsk fagspråk som kan fungera ved sida av det engelske på alle fagområde. Her er det nødvendig med ei vesentleg styrking av innsatsen frå samfunnet si side. Full jamstelling mellom nynorsk og bokmål må også i denne samanhengen vera det grunnleggjande prinsippet, skriv utvalet.

Tolv avgjerande tiltak

Tilrådinga «Norsk i hundre!» innheld om lag 70 forslag. I samandraget blir det skissert tolv avgjerande tiltak:

1 Språkpolitikk må ikkje avgrensast til kulturpolitikk. Heile forvaltninga og samfunnet elles må trekkjast inn i språkpolitikken.

2 Det må utformast ein samla språkpolitikk, behandla i Stortinget, som omfattar forholdet mellom norsk og engelsk, forholdet mellom nynorsk og bokmål, normering, minoritetsspråk og arbeidet med forståeleg språk i forvaltninga.

3 Overordna språkpolitiske mål må leggjast til grunn i all politikkutforming.

4 Språkpolitikken må baserast på tre rettar: rett til nasjonalspråk, rett til morsmål og rett til framandspråk.

5 Formålet og verkeområdet til Språkrådet må slåast fast i lov. Ei av oppgåvene til Språkrådet må bli å føra tilsyn med at dei tre rettane blir respekterte, både i anna lovgjeving og i praktisk politikk.

6 Alle elevar må utan omsyn til morsmål få systematisk trening og rettleiing i å uttrykkja seg på norsk i alle fag, munnleg og skriftleg.

7 Medvitet til lærarane og elevane om norsk som kulturfag og som eit identitetsskapande og haldningsdannande fag må styrkjast. Det same gjeld bruk av norsk som ledd i å styrkja norsk fagspråk og fagkultur.

8 Det må takast inn i lov om universiteter og høyskoler at universitetssektoren har eit viktig ansvar for at norsk fagspråk blir utvikla og brukt innanfor alle fagmiljø, i tillegg til engelsk og eventuelt andre språk. Lova må krevja at institusjonane utarbeider språkstrategiar som mellom anna spesifiserer korleis ein skal nå målet.

9 Næringslivet må trekkjast med i arbeidet til Språkrådet, for å sikra at norsk også på dette området blir brukt i alle situasjonar der bruk av eit framandspråk ikkje er nødvendig av kommunikasjonsomsyn.

10 Handlingsplanen for norsk språk og IKT frå 2001 må følgjast opp.

11 Staten må bruka marknadsmakta si aktivt der det er mogleg, for å sikra at kommersiell programvare og andre språkbaserte produkt som blir brukte i det offentlege, blir gjevne ut i både bokmåls- og nynorskversjonar.

12 Språkrådet må gjerast til eit overordna, nasjonalt samordningsorgan med sterk kompetanse i fagspråk og terminologi og brei kontaktflate mot samfunnet, nasjonalt så vel som internasjonalt. Det må utviklast forpliktande samarbeidsformer for fagspråkleg kvalitetssikring mellom ulike fagdepartement, direktorat og andre offentlege instansar.

Samansetnad

Utvalet har hatt denne samansetnaden: professor Gjert Kristoffersen (leiar), førsteamanuensis Jan Olav Fretland, forfattar og språkvitar Helene Uri, professor Torlaug Løkensgard Hoel, adjunkt Johanna Ferstad Økland, underdirektør Kari Bjørke og professor Guri Hjeltnes. Distriktsredaktør i NRK Hans-Tore Bjerkaas deltok i arbeidet fram til mars 2005.

Nokre utdrag frå utgreiinga

  • Den symbolske bruken av engelsk blant ungdom reflekterer ulikskapar i prestisje mellom engelsk og norsk. Fenomenet bør synleggjerast og takast opp til diskusjon i undervisninga, slik at elevane utviklar eit reflektert forhold til fenomenet.

  • Kravet om at læremiddel i begge målformer skal gjevast ut samtidig og til same pris, må respekterast. Alle lærebøker for ungdomstrinnet og vidaregåande skule må innehalda tekstar i begge målformer. Det same gjeld dei nasjonale prøvene i lesing og skriving.

  • Det må opprettast eit nasjonalt senter for skriveforsking. Senteret skal driva forsking på skriving i utdanningssystemet, frå førskule til universitet, og på skriving i yrkesliv, samfunnsliv og organisasjonar. Senteret skal også driva nettverksbygging. Det er naturleg at eit slikt senter samarbeider med Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i Volda.

  • Begynnerundervisning [i høyere utdanning] skal skje på norsk. Engelsk innføres gradvis når den norske terminologien er etablert.

  • Når staten støtter mediene finansielt gjennom momsfritak, pressestøtte osv., må den også kunne stille språklige krav, både om bruk av norsk språk generelt og ikke minst bruk av nynorsk.

  • Også i et språkpolitisk perspektiv er det viktig at pressestøtte og momsfritak videreføres, slik at ikke bare norskspråklige medier sikres, men også språklig bredde og mangfold mer generelt.

  • Det må stilles ressurser til disposisjon for språkrøkt og språkveiledning i mediene, for eksempel i form av ajourførte og gratis tilgjengelige elektroniske ordbøker og andre språklige ressurser, rådgivning og andre språktjenester. Språkrådet bør ha en sentral rolle i dette arbeidet.

  • Språkrådet må arbeide aktivt for å fremme reell likestilling mellom bokmål og nynorsk også i næringslivet.

  • En norsk språkbank må realiseres så snart som mulig. Dette må skje i et nært samarbeid mellom Kultur- og kirkedepartementet, Utdannings- og forskningsdepartementet, Moderniseringsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. En norsk språkbank er i dag nødvendig for å sikre at språkteknologiske produkter utviklet utenfor Norge kommer i norske versjoner som har minst like høy kvalitet som originalversjonene

  • Stortinget må vedta ein samla politikk for forholdet norsk/engelsk, bokmål/nynorsk, for arbeidet med forståeleg språk i forvaltninga og for minoritetsspråka. Politikken må òg fastsetja når det skal stillast språkkrav ved tildeling av konsesjonar, bruk av støtteordningar o.l.

Digitalbilete: © Jann Lipka / Mira / Samfoto

 

 

Norsk i hundre!

 

Mer om «Norsk i hundre!»


 

 

Medieomtale og debatt

 

 

    Utviklet av Gazette