Gå direkte til innhold

Ordsmia

SmieArbeid med avløysarord var dei siste åra ei av dei prioriterte oppgåvene for Norsk språkråd. Som eit ledd i dette arbeidet lanserte rådet i mars 2000 "Ordsmia". Til no har det vore over 6000 innlegg i forumet. Det er ca. 300 påmelde, men aktiviteten varierer.

Opplegget omfattar fire element: 

  • eit e-postforum for interesserte deltakarar (sjå nedanfor)
  • ei side med lenkjer til artiklar om korleis ein kan lage avløysarord
  • ei nettside med ei liste med "autoriserte" ord: "På godt norsk"
  • eit oversyn over "trådar" i Ordsmia, dvs. emne som har vore drøfta 

Forumet er ope for alle språkinteresserte.

Påmelding og avmelding

Send ein tom e-post til: ordsmia-subscribe@lister.sprakrad.no. Deretter får du ei melding du må svare på. Meir informasjon om funksjonane får du ved å sende ei melding til: ordsmia-help@lister.sprakrad.no.

Ein melder seg av Ordsmia ved å sende ein tom e-post til:
ordsmia-unsubscribe@lister.sprakrad.no

Her finn du eit oversyn over nyttige brukarkommandoar.

Listeprogrammet snakka opphavleg engelsk. No har vi lært det nynorsk. Kommandoadressene reknar vi med å ha på engelsk.

Nokre enkle postreglar:

Ver vennleg:

  • Før du postar eit nytt spørsmål: Sjå først etter om spørsmålet/ordet har vore diskutert tidlegare.
  • Ikkje post vedlegg til meldingar eller bilete i meldingar i Ordsmia.
  • Kortare tekstar kan ein kopiere inn i meldingsfeltet.
  • Lengre tekstar på nettet kan ein vise til ved å føre opp nettadressa.
  • Treng ein vise til bilete (eller lyd) på nettet, kan ein vise til nettadressa.
  • Post meldingane som rein tekst, ikkje i html-format.

Oppdatert 18. juli 2007

Foto © Ole Christiansen / BAM / Samfoto


 

Utviklet av Gazette