Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Nynorsk – hjelp til sjølvhjelp

Skilt: Område med drikkevasskjeldeDenne rettleiinga gjeld læreboknormalen.

Læreboknormalen er hovudformene i rettskrivinga, dvs. alle former som ikkje står i hakeparentes i ordbøkene. Læreboknormalen skal nyttast i lærebøker og andre læremiddel for grunnskule og vidaregåande opplæring og i statstenesta. Elevane har derimot rett til å nytta sideformer i skriftlege arbeid. Sideformene står i hakeparentes i ordbøkene.

I dette oversynet har vi samla nokre av dei viktigaste punkta i læreboknormalen der det ofte blir gjort feil i nynorsk. Oversynet er opphavleg laga til hjelp for forlag som gjev ut lærebøker, og byggjer mellom anna på den røynsla Norsk språkråd har frå gjennomgåing av lærebokmanuskript. Men vi vonar lista også kan vera til nytte for tilsette i staten og for einskildpersonar som ynskjer å nytta læreboknormalen.

Vi tek gjerne mot framlegg til andre emne eller ord som bør takast med i samlinga.

 

I BØYING

Nokre verb

1 bli/verta skal bøyast slik:

bli blir blei har blitt eller
bli blir vart har vorte/vorti eller
verta vert vart har vorte/vorti

2 Verb med -a i preteritum skal ha -ar i presens.
Verb med -de/-te i preteritum skal ha -er i presens

Visse verb har valfri a- eller e-bøying. Når det gjeld slike verb, må ein vera konsekvent og halda seg til anten a-bøying eler e-bøying av same verbet. 

Døme: Han peikar på at det han peika på i går, er viktig. 
Han peiker på at det han peikte på i går, er viktig.

3 Pass særleg på desse verba:

byta byter bytte har bytt
dekkja dekkjer dekte har dekt
hyggja hyggjer hygde har hygd/hygt
knekkja knekkjer knekte har knekt
knyta knyter knytte har knytt
krenkja krenkjer krenkte har krenkt
leia leier leidde har leidd/leitt
løn(n)a løn(n)er lønte har lønt
rykkja rykkjer rykte har rykt
styrkja styrkjer styrkte har styrkt
svekkja svekkjer svekte har svekt
sørgja sørgjer sørgde har sørgt
stynja styn stunde har stunt 1
skilja skil skilde har skilt
symja sym sumde har sumt
ta(ka) tek tok har teke/teki 2
dra(ga) dreg drog har drege/dregi 3
la(ta) let let har late/lati 4

Den vanlegaste feilen er at desse verba til og med stynja blir bøygde som a-verb.

Notar
1 [stønna] er sideform
2 [tar – har tatt] er sideformer
3 [drar – har dradd/dratt] er sideformer
4 [lar – har latt] er sideformer

4 Merk særleg preteritum:

falla fell fall (ikkje falt) har falle
finna finn fann (ikkje fant) har funne
halda held heldt (ikkje holdt) har halde
hjelpa hjelper hjelpte (ikkje hjalp) har hjelpt
syngja syng song (ikkje sang) har sunge
søkka søkk sokk (ikkje sank) har sokke
treffa treffer trefte (ikkje traff) har treft

5 Samsvarsbøying

Han er skild, ho er skild, det er skilt (ut frå resten av huset), dei er skilde.

Jobben er gjord, oppgåva er gjord, arbeidet er gjort, leksene er gjorde.

Eg har sett han. Han er sedd, ho er sedd, barnet er sett, dei er sedde på byen saman.

Nokre substantiv

6 Hankjønn

Dei fleste hankjønnsord bøyer vi slik i fleirtal: ein hest – fleire hestar – alle hestane. Det finst likevel nokre hankjønnsord får e-bøying i fleirtal. Nokre døme er

ein benk fleire benker – alle benkene
ein sekk fleire sekker – alle sekkene
ein stilk fleire stilker –  alle stilkene
ein vegg fleire vegger –  alle veggene
ein gris fleire griser –  alle grisene
ein rett fleire retter – alle rettene (mat)
fleire rettar – alle rettane (privilegium)

Skuleelevar kan bruka a-bøying i sine skriftlege arbeid: [ein benk – fleire benkar – alle benkane]. 

 

7 Hokjønn

Dei fleste hokjønnsord bøyer vi slik i fleirtal: ei sak – fleire saker – alle sakene. Det finst likevel nokre hokjønnsord som får a-bøying i fleirtal. Nokre døme er

ei helg fleire helgar – alle helgane
ei øy fleire øyar – alle øyane

Skuleelevar kan bruka e-bøying i sine skriftlege arbeid: [ei helg– fleire helger – alle helgene].

 

8 Inkjekjønn

eit komma kommaet fleire komma desse komma/kommaa
eit skjema skjemaet fleire skjema desse skjema/skjemaa
eit tema temaet fleire tema desse tema/temaa
eit faktum
faktumet
fleire faktum/
fakta
desse faktuma/
fakta/faktaa
eit kvantum
kvantumet
fleire kvantum/
kvanta
desse kvantuma/
kvanta/kvantaa

 

Samandraging / ikkje samandraging

Hovudreglar:

Inkjekjønnsord på trykklett -el har valfri samandraging i bunden form eintal, obligatorisk samandraging i bunden form fleirtal.

Inkjekjønnsord på trykklett -ter har valfri samandraging både i eintal og fleirtal.

-el-døme:

eit fengsel fengselet/fengslet fleire fengsel fengsla
eit kapittel kapittelet/kapitlet fleire kapittel kapitla
eit middel middelet/midlet fleire middel midla

Ikkje bland saman med ein midel – midelen – midlar – midlane, som tyder 'eige, pengar'.

Du må ha konsekvens innanfor heile denne gruppa av ord når det gjeld bruken av samandraging.

-ter-døme:

eit helikopter
helikopteret/
helikoptret
fleire helikopter
helikoptera/
helikoptra
eit krater
krateret/
kratret
fleire krater
kratera/
kratra
eit teater
teateret/
teatret
fleire teater
teatera/
teatra

9 Konsekvens ved bøying av substantiv

Visse substantiv har valfritt kjønn, t.d. ein/ei andakt, ein/ei art, ein/ei farge, ein/ei grad, ein/ei plante, ein/ei maskin, ein/ei kasse, ein/ei klasse, ein/ei tekst  osv.

Vel eitt bøyingsmønster og bruk det gjennom heile teksten.

10 Merk kva kjønn desse substantiva har:

ein ei
annonse
form
(korleis er forma?)
brosjyre norm
del plattform
dialekt reform
fase rolle
katastrofe sone
kommune spalte
kontrakt straff
medalje uniform
medisin
medlem
fl. medlem(m)er
myte
nisje
pause
reiskap
runde
rutine
skade

 

II SKRIVEMÅTEN

1    Anten a-infinitiv eller e-infinitiv

2    me og vi er jamstelte former

3    Merk desse nynorskformene:

leiar, reiar, spreiar (ikkje ledar, redar, spredar)

gong, song, stong, trong (ikkje gang, sang, stang,trang)

bytte, syster, sysken, lyfta (ikkje bøtte, søster, søsken, løfta)

å tola, tolmod, tolmodig, ømtolig, ein drope (ikkje tåla, tålmod osv.)
 
hamn, namn, omn (ikkje havn, navn, ovn)

selja, sal; velja, val; ferje (ikkje selgja, salg; velgja, valg; ferge)

bryggje, klyngje, rekkjefølgje, knekkja, krenkja
(Formene utan j er klammeformer. NB! Gjeld ikkje knekka.)

å ynskja/ønskja, men eit ynske/ønske

vekedagar: måndag, tysdag, laurdag

Ord som stundom blir skrivne feil:

ein blomster , fleire blomstrar (ikkje ein blomst)

okle (ikkje ankel)

tilskodar (ikkje tilskuar)

siger (ikkje seier)

skjene (jernbane-) (ikkje skinne)

føresetnad (ikkje forutsetning)

bustad (ikkje bolig)

(opp)gåve (ikkje gave)

tal (ikkje tall)

lêr (ikkje lær)

ei fòr (ikkje ei fure)

verka (ikkje virka)

førre (ikkje forrige)

viss (ikkje hvis)

 

5  annan og hennar er no dei einaste hovudformene

(Før kunne ein òg nytta [annen] og [hennes] i lærebøkene.)

6 å gje(va) svarar til ein gjevar, å gi svarar til ein givar

7 Innanfor/innafor:

innanfor innafor
ovanfor ovafor
bortanfor bortafor
nedanfor nedafor
framanfor framafor

Gjennomfør -a- eller -an-.

Og tenk på meininga. I eit manuskript vi fekk inn, stod det
at "husbonden sat skrått ovanfor peisen". Han gjorde kanskje
det,  men meininga er truleg at han sat framfor peisen, men litt
over mot den eine sida. Omsetjaren har blanda saman ovanfor
(over) og overfor (rett imot).

8 Samanskriving/særskriving

likeins eller like eins   –   gjennomfør  ei av formene.

av di  berre i to ord

om lag berre i to ord

altfor berre i eitt ord

imot berre i eitt ord

9 Samansetningar med lege-, lækjar- lækje-

Vi må sjå nøye på kva førsteleddet kjem av. Er det ein lege/lækjar, eller er det snakk om å lækja?

Døme:
Legane/lækjarane kan slå seg saman og ha legesenter/lækjarsenter. For å hjelpa pasientane kan dei bruka lækjemiddel som er kontrollerte av Statens lækjemiddelkontroll.

10 Namn på statsinstitusjonar

Alle statsinstitusjonar skal ha namn både på bokmål og nynorsk.

Døme: Noregs el. Norges Statsbaner, Noregs el. Norges Bank  

Oversyn over namn finn ein her:

Ein del private organisasjonar har eit nynorsknamn. Det gjeld til dømes dei politiske partia (Det norske Arbeidarparti, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet), Raudekrossen.

11 Historiske og geografiske namn

Sjå oversyna på denne vevstaden:

 

III ORDBRUKEN

1 tyda og tyding blir ofte misbrukte

Aldri: Kva tyding har dette for samfunnet? 
Men: Kva har dette å seia for samfunnet?
Aldri: Dette tydde eit stort framsteg.
Men: Dette var eit stort framsteg.

Slik kan vi bruka tyda/tyding:
Signalet tyder at trafikken må stansa.
Det er ikkje så lett å få tak i tydinga av dette ordet.

     
2 denne, dette, desse

denne, dette, desse kan i visse samanhengar gje eit stivt eller upresist språk. Bruk heller den, det, dei, han, ho, eller ta opp att substantivet.

Døme:

"Tyskarane i Bergen hadde særrettar, men desse fall bort etter kvart." 
Betre: desse rettane

"Eremitasjen er det største kunstmuseet i verda. Det ligg i Vinterpalasset. Dette er bygd i barokk stil." 
Meir presist: Vinterpalasset 

"Det er ikkje grunn til å klaga på telefonrekninga så låg som denne er no."
Betre: ho

                   

3 den

den skal normalt ikkje brukast med tilvising til substantiv i nynorsk. Det vanlege tilvisingspronomenet er han for alle hankjønnsord og ho for alle hokjønnsord – så sant pronomenet ikkje strir mot det naturlege kjønnet.

Døme: "Ytringsfridommen er til liten nytte om han (bm. den) ikkje blir nytta i praksis." 
"Saka er vanskeleg, og vi må difor drøfta ho (bm.den) grundig.

Merl: Vi kan sjølvsagt bruka den i nynorsk, men då som peikande pronomen:  

Ikkje den har eg sagt, men den!"

4 st-passiv kan vera godt språk etter modale hjelpeverb

Binders kan brukast til så mangt.
Spørsmål kan sendast til Språkrådet.

Sjølvsagt kan ein gjerne skriva: "Binders kan ein/vi bruka til så mangt" og "Spørsmål kan ein senda til Språkrådet", men ofte fell det tyngre med slike konstruksjonar. Eit døme på det:

Saka skal no bli undersøkt i departementet. 
Betre: Saka skal  no undersøkjast i departementet.

Bruk ikkje st-passiv i presens

Aldri: Saka undersøkjest no i departementet.
Aldri: Varene vrakast på grunn av dårleg kvalitet
Men: Varene blir vraka på grunn av dårleg kvalitet


Hugs at det finst verb som likevel skal bøyast med -st i alle tider, til dømes å minnast - eg minnest. Slike verb står i ordlista.

           
5 Nynorsk har ofte laust samansette verb der bokmål har fast samansetning

høyra til, leggja fram, liggja føre, svara til, skriva under, skriva ut

Merk: Det heiter berre leggja fram (ikkje framleggja). 
Men: dei framlagde sakene

6 nokre

nokre blir brukt når vi veit at det er fleire av noko (engelsk some)

Vi vart verande der nokre dagar.

nokon – i uttrykk med spørsmål, tvil og nekting (engelsk any)

Det spørst om det kjem nokon fleire.


somme – om lag som nokre, men mindre med tanke på talet.

Somme dagar er veret grått.


7 Bokmål hvilken 

Nynorsk har her fleire uttrykksmåtar:

kva       –  Kva dag er det i dag?
kva for  –  Kva for bøker har du?
(Kva slag)

ein/ei/eit/nokre legg vi til når vi vil konkretisera noko som kan teljast.

Kva for ei bok er det?
Kva for nokre bøker har du?

Ofte er det godt språk å skriva berre kva.

8 Bokmål enhver

Bokmål enhver er det mange som har problem med. Det heiter ikkje "einkvar" e.l., for det ordet har vi ikkje.
     
Einkvan (eikor i hokj., eitkvart i inkjekj.) tyder 'ein eller annan'. Ofte svarar enhver til 'alle', andre gonger passar det med 'kven som helst', 'kvar (ein)', 'kvar og ein' o.l.

til enhver tid: alltid, heile tida, når som helst, til kvar tid
for enhver pris: same kva det måtte kosta, i alle tilfelle

9 ved (prep.)

Tenk over om du kan bruka andre seiemåtar.

Nokre døme:
Ved utsetjing av gjennomføringa av prisstoppen:
                    Blir prisstoppen utsett, ...
Ved lungebetennelse:
                    Pasientar med lungebetennelse ...
Ved sjukdom:
                    Når nokon er sjuk, ...



10 følgende er helst ikkje "følgjande"

Ofte treng vi ikkje ordet, andre gonger høver det med denne/dette/desse.

 Gjør følgende oppgaver. = Gjer desse oppgåvene.


11  Mjuk og blaut

Ver klar over at første tyding av blaut er 'særs våt'. Det motsette av hard er mjuk. Difor: mjukstål.

Skriv for all del ikkje om blaute kroppsdelar når meininga er at dei er mjuke.

12 Kjemisk forbindelse: sambinding

Andre forbindelser: samband, samanbinding, samanknyting, samanføying, skøyt, kontakt osb.

13 Genitiv

Ver nøye med å variera språkbruken der bokmål har genitiv:

s-genitiv
sin-genitiv
preposisjonsuttrykk
eigedomsform av personleg pronomen (huset hennar mor)samansetningar
heile setningar


          
Sjå Hellevik: Norsk på ny. Nynorsk (1981), side 202 ff.

Ver særleg merksam på avgrensingane i bruken av s-genitiv og sin-genitiv. 
Døme: Aasens ordbok, fjorten dagars tid
Dette er kommunen sin eigedom (vekt på kommunen)

Dette er ikkje god nynorsk:
"Kvinnas syn på landets forsvar." 
"Forbrukarens vurdering av varas kvalitet." 
"Heimen sin verdi for barn si oppseding."

Framlegg:
Kva syn kvinna hadde på forsvaret av landet.
Korleis forbrukaren vurderer kvaliteten på vara/varekvaliteten.
Kva heimen har å seia for oppsedinga av barn.

 

TIL SLUTT NOKRE DØME PÅ BOKMÅLSFARGE I NYNORSK

Gå inn i ein dialog med partane > snakk med partane

Elevane får auka forståing av eit emne > elevane forstår emnet betre

Arbeidet vil skapa tilknyting mellom deltakarane > arbeidet knyter band mellom ...

Det er viktig å tilstreva ei felles forståing ... > det er viktig å bli samde om ...

Det gjekk føre seg ein innmarsj av arbeidarar på ... > arbeidarane marsjerte inn på ...  

 

Foto © Sigmund Krøvel-Velle / Samfoto

 

 

Utviklet av Gazette