Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Samsvarsbøying

Perfektum partisipp er ei adjektivisk form av verbet. Det vil seie at partisippet kan stå på same plass som eit adjektiv i setninga.

Perfektum partisipp av sterke verb endar på -e eller -i: Vi bruker -e i denne minigrammatikken.

Perfektum: har skrive
Perfektum partisipp: skrive

Vi kallar det samsvarsbøying når partisippet blir bøygd i kjønn og tal i samsvar med substantivet det står til.

Hankjønn:  Romanen er skriven
Hokjønn:  Boka er skriven
Inkjekjønn: Brevet er skrive
Fleirtal: Notata er skrivne

Elevar må ikkje bruke full samsvarsbøying slik som i eksemplet her. På dei neste sidene kan du lese eksempeltekstar og velje mellom full og forenkla samsvarsbøying. Du kan velje det som er enklast ut frå språkkjensla di.

 

Utviklet av Gazette