Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Spørjeord

Studer desse døma:

Kvar/Kor bur du?
Kor mange megabyte er din maskin på? Kor gammal er skrivaren din?

Om stad bruker vi kvar eller kor, men berre kor om mengd eller grad.

Etter innverknad frå bokmål "hvor" kan vi stundom sjå kor også brukt som adverb i setningar som:

I Jotunheimen, der (ikkje "kor") dei høgaste toppane ligg, driv mange med fjellklatring. Dei fleste stadene der ungdom samlast, ligg i sentrum.

Det blir altså feil å omsetje bokmål "hvor" med "kvar" eller "kor" i alle samanhengar. Det må vekselvis omsetjast med kvar/kor, kor og der.

Hvor bor du? Kvar/kor bur du?
Hvor lenge skal du bli der?  Kor lenge skal du bli der?
Hjemme, hvor du er, vil jeg være. Heime, der du er, vil eg vere.

 

Utviklet av Gazette